Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Det var paa ein staule i Sauherad. Gjenta paa staulen var forlova. Det sje vera tasseri paa den staulen, og guten var redd for gjenta si. So tok han byrsa og strauk oppyve. Daa han kom paa staulen, var der fullt med paasala hestar ute og fullt med folk inne. So løynde han seg inn til selet, og daa høyrde han kor dei prata med dei klædde bruri. Han høyrde dei sa med kvarandre: "No veit eg kje me hev att anna å gjera med ho, enn aa vrengje augo". So skaut han. Daa kom dei stormande ut og tok hestane, og han in i selet. Der sat ho so fælt paaklædd med sylv og silke at det lavde. Daa kom det att to og bad um dei maatte faa att det dei hadde klædt paa henne. Men det negta han. Dei trygla og sa: "Me hev laant sylvet me, liksom de gjer i slike høve". Men han negta aa skaffe det attende. Daa dei ikkje kunde faa noko, gjekk dei. Den eine snudde seg i dynni og sa: "Um dei vert aldri so rike paa Klevar, so skal kje alle bli so vise". Det hev seinare støtt vore ein tulling paa Klevar i den ætti. Det tusse-sylvet var lenge paa Klevar. Far saag ein gut som gjekk med halsknappar av det sylvet.
Informasjonom sagnet og kilden