Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Ein gong for lenge sidan låg det ei budeie i Sørmerudsvollen i Sørsåsen. Ho var endå trulova med ein gut på Øverby. Det var seint på hausten, og gjenta var att åleine i setra og skulde veva ned ein vev ho hadde oppe. Men ein dag fekk budeia framande. Det var eit stort fylgje med bergfolk. Dei kom inn i sæterstua og vilde halde brudlaup for budeia og ein bergkall. Gjenta, stakar, hadde ikkje anna liv heime på setra enn ein nauthund. Ho knytte eit band om halsen på hunden og sende 'n ned til Øverby. Hunden av garde. Medan hunden var nede, let budeia bergfolket pynta henne til brur, og elles fekk dei òg gjera som dei vilde. Hunden flaug like til kjærasten åt gjenta. Han forstod med ein gong at det var gale fatt. Han strauk inn etter børsa og kasta seg på hesteryggen med ein gong. Då han kom fram, var seterstua full av bergfolk, og brura sat ferdigpynta ved bordennen med krone og alt. Guten skyna kva dette skulde tyda, og skaut over taket. Men då kan du tru det vart leven! Bergfolket skreik og let ille og reiv med seg den stasen dei hadde havt med seg, og ut for dei som gån-nyster. Men budeia heldt med både hendene på krona, so den fekk dei ikkje med seg. Den krona vart teken vare på og sidan mykje bruka. Dei kalla ho "Øverby-krona", og ho var til heilt til Øverby brann i 1824.
Informasjonom sagnet og kilden