Tilbake
Sitering
Kort referanse
Guten berga gjenta si frå huldratyet med å rida inn på ein åker. Norske sagn, ID 53722. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53722
Utvidet referanse
Guten berga gjenta si frå huldratyet med å rida inn på ein åker. Norske sagn, ID 53722. ML category: ml6005 (Huldrebryllup på setra (Klevarsagnet)). Informant: Martin Lundstein. Collector: Knut Hermundstad. Place: Etnedal. County: Oppland. Archive signature: NFS Knut Hermundstad 9, s. 157f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53722 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53722/
Guten berga gjenta si frå huldratyet med å rida inn på ein åker.
NORSK ORIGINAL
Guten berga gjenta si frå huldratyet med å rida inn på ein åker.
Dotri på Hogner var budeie på Hognsæteren um sumaren. Der uppe var det ofte dei både såg og fornamde hulder. Denne Hognergjenta var trulova med ein kjekk gut. Han sette seg føre at han vilde fara upp til Hognersæteren og gjesta henne ein laurdagskveld.
Laurdagen kom, og guten sala hesten sin og reid upp over åsen. Han fornam ikkje noko sers på ferdi. Men det var som han kjende på seg at det var noko gale på ferde på sætri. Og det var nok tilfelle og, skal du få høyre.
Då guten kom fram til sætri, var størrelset fullt av haugaty, som med vald og makt vilde føre med seg kjærasten hans. Men guten var ein heilhjarta kar. Han sprang inn og reiv gjenta frå dei og kasta seg i salen med gjenta og reid so fort han fekk hesten til å renne ned etter. Men huldrafolket vart reint rasande og sette etter han. Då han kom ned på Hogner-gjordet, er dei so tett inn på han, at han berre venta på at dei skulde rive gjenta frå han. No jaga han hesten til det yttarste. Men då høyrde han noko ropte ned til han frå Hognknatte:
"Ri bort frå de hare
o inn på de arde!"
Meiningi var at han skulde ride burt frå grasmarki og inn på pløgd åker. Han svinga då hesten inn på åkeren på Hogner, og med eitt var alle haugafolki som sokne ned i jordi, og guten vart ikkje ute for dei sidan.