Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Uppe i heimaasen paa vestre sida her i Lome skal det fyrr i tidi vore grepa mykje haugafolk. Det er mykje haugar der, og i dei skal haugafolket halde seg. Langt uppe i lidi ligg det nokre heimstølar som kallast fjellstølarne, og høyre til gardarne Øyraaker og Gardvik. Noko nord-vest for den nørste stølen hev det og vore ein støl uppaa eit stort høvda, som i gamle dagar hev høyrt til synste garden i Kvisl. No er han utattlagd; men det syner greidt kor jordet hev vori og tufti etter selet. Um denne stølen er det ei segn, som eg vil fortelja. Den tid daa stølen var beseten, so var det ein haust det var so mykje bjørn i kring skogarne at det var ikkje greidt aa faa ha krytere sine ifred paa stølarne, og so flutte dei noko tidlegare heim enn vanleg. Men denne mann i Kvisl meinte so til, at folket hans ikkje skulde faa koma heim endaa, og so kom dei til og vera att paa stølen ei tid etter dei andre. Haugafolket var daa framme og preintist ved dei jamt og samt. So var det ein kveld, dei hadde kogt seg mjølke-velling, og hadde so sett gryta fraa seg medan dei var ute og mjølka. Daa dei so kom innatt var det ein liten framandgut komen til aa nuska med mjølkevellingi. Dei skyna nok at det var ein haugafolkgut, og so tok dei eit reip og batt fast guten, so han ikkje slap nokon stad. Daa det leid paa lite, kom det ei gjenta inn i døri og ropte paa guten. Han svara daa: "Fallstein sit bunden". Med dessa gjekk gjenta sin veg, men det varte ikkje lenge, fyr det kom att eit anna kvennfolk og ho var fælande sinna. Ho meinte so til at dei skulde løysa guten att, og pakka seg taa støle sama kvelden. Ho lovde jamvel ut, at um dei ikkje reiste trast, so skulde det liggja daudt kvart einaste kryteret fyrr morgonen kom. Daa tok dei til aa fælast og skunda seg derifraa. Etter dei tide var dei aldri paa den stølen med kryter meir. Jorde vart litt um senn utlagt, so no er det berre ei slett som er tilvokse av brisk og vidjekjørr. Denne sletti kallast no Fjellstølssletti.
Informasjonom sagnet og kilden