Tilbake

Tomtekadl.

NORSK ORIGINAL

Tomtekadl. På garden Idsal i Strand var det kje fritt for det var utrutt i fjoset i gamle dar. Folk grubla på ka det konne koma av og rådførte seg med kloge koner om dette. Dei fant då ud at det måtte vara ein tomtekadl som av ein eller annan gronn hadde vorte sinna og nå heldt dette levenet i fjoset. Verst var det om kveldadne, når gjentedne sko molka. Det var mest uråd å få mjølk or kydne. Dei spente og stanga og bar seg som den vonde sjøl reid dei. Mannen spekulerte lengje på ka han sko gjera. Det var nok inkje spøg å få tomtekadl imod seg, så mykje (møgje) skyna han nå. Den karen konne hebna seg så det svei. Det hadde han haurt frå gamal tid, det fekk han nå erfara. Men noge måtte gjerast. Han fekk prøva med krut og kula. Så ladde han flintabørså og skaut tvers øve heile buskapen i fjoset ein sein kveld. Morgonen ettepå fant dei adle kydne daue.
Informasjonom sagnet og kilden