Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Han Torbjørn Nordstua Trandem erta nissen ein gong, så han gjorde det ikkje meir. Ein kveld var han Torbjørn på låven. Da kom nissen dragsande med ei kornbør under kvar arm og slepte dei ned på golvet. Og så stanka nissen. "Å, detta var da full itte nåe før ein kær," sa han Torbjørn. Men da vart den vesle nissen harm. Og han dreiv til han Torbjørn ved det eine øyret. Og slaget var så hardt så Trandemgubben gjekk mot veggen. – På denne same garden kom og ei gjente ut for nissen. – Som ho sat og mjølka i fjøset, så kingsa kua på seg. Gjenta lika ikkje dette, men slo til kua i sida. Men dette skulle ho nok ikkje ha gjort, for da ho såg opp, så sto nissen på fjøsbolken ova henne. Og han meig ho midt i augsyna. Gjenta fekk mein tå dette, ho vart surøygd all sin dag sidan.
Informasjonom sagnet og kilden