Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 53754. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53754
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 53754. ML category: ml7010 (Hevner seg). Informant: Marit E. Hermundstad. Collector: Knut Hermundstad. Place: Vang. County: Oppland. Archive signature: NFS Knut Hermundstad 7, s. 30. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53754 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53754/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Ho Marit i Lykkjun, andre kjerringi hans godfar, fortalde:
I gamal tid var det bruken at dei kokte rjomegraut åt kvigor som hadde fyrste kalven. Denne sette dei upp på vaglåsen like upp for kui.
Ein gong hadde kjerringi sud i garden på Grøv ogso gjort dette. Ho gjorde tenestgjenta åt fjøset med det, men so åt ho likso godt upp grauten. Då visste ho ikkje ordet tå før nissen kom og fata gjenta i armen og tudna med hene kring fjøsgolvet. "Detta ska du ha før du åt upp grauten åt nissen", sa han.