Tilbake
Sitering
Kort referanse
Haugebonden paa Verpe. Norske sagn, ID 53755. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53755
Utvidet referanse
Haugebonden paa Verpe. Norske sagn, ID 53755. ML category: ml7010 (Hevner seg). Collector: Rikard Berge. Place: Telemark. County: Telemark. Archive signature: NFS Rikard Berge 137, s. 35ff. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53755 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53755/
Haugebonden paa Verpe
NORSK ORIGINAL
Haugebonden paa Verpe
Langgodfar til O. her, ein som heitte Olav Andresson Verpe (daa var garden i eitt) var ofte ute for tussen. Um han kom heim og var full og vond, so maatte han alltid vera laga paa eit pek av h. Anten var tvo kuir sprette i ein klave um morgonen eller noko gale var de. Seinste peke han gjorde var, at han hadde klembt ein bøkaar ned i ei sauvatsbal, de var ein jolefta som O. hadde vori serskilt ulidleg.
Gule hestar tolte aldri h. at han hadde. Han hadde ein gul, so var der tvo baasar og kupe millom. Men um morgonen laag hesten paa ryggen med kupa millom føtane. So selde han den. Men seinare han hadde ein gul ein, gjekk de sameleis med den. – Han helsa paa h. au, daa stod han inne med veggen, ein litin graa kar, var visin i hondi, vart burte sa kje noko. – Ein som tente hjaa O. – ein Ambros, laag og saag paa, at ein litin kar stod paa golve og skaut paa deim i sengi, "men dæ va berre som dom kasta ein neva blaabær bortpaa dom." Men de var av di dei hadde haldi fæl leven um kvelden.