Tilbake

Hulledne på Dyrland

NORSK ORIGINAL

Hulledne på Dyrland. Dyrlandtunet stod i gamal tid støtt på ein god fod med hulledne, og for den sags skuld med alle dei underjordiske. Derfor var det stadig velstand på Dyrland. For det har seg altid så at hulledne skyna på dei folk som er god med dei og gjengjeld godt med godt. Det var nok mangje døme på korleis dei bar seg åt. Men her skal me berre nemna eit. Ein seine kveld kom tenestgjentå farande in frå fjoset og ropar at det var noge tis i fjoset. Der var noge så ropa: Byta! Byta! - Ingjenting å sjå, berre det som høyrdes såleis. Husbondsfolkje forstod straks ka det var. Inkje noge å vera redde elle ottast øve. Det var berre hulledne som vilde byta ku med dei. Og det skulde dei så inderleg gjedna få. For Dyrland vilde få ei mykje bære ku istaden for den hulledne tog. Så hadde det gåt i gamle dar. Det var 'kje noge nytt på Dyrland, dette. Gjentå skulde berre gå borti fjose og svara høgt og klårt: Ja, vel. Byta, byta! Gjentå så gjorde. Om morgonen synte det seg at den ringaste ku som stod i fjoset var byt bort i ei stor brandete hullaku. Gardsfolkje blei mest forstøkte med det sama. Men då dei tog til å mjelka kunå, blei dei både gla og taksame. Inkje nok med at kunå malka mykje meir enn hi, men mjølka var så tjokk og god at hu var mest som klåre, reine fløyte. Når bedarar elle andre i den tidå kom til Dyrland for å få mjølk sa dei støtt: Ta av den tjokka. Dei meinte hullamjølkjå, men dei måtte allre nemna hullanamnet, elles var alt borte.
Informasjonom sagnet og kilden