Tilbake
Sitering
Kort referanse
Tenestgjenta på Prestgarden. Norske sagn, ID 53791. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53791
Utvidet referanse
Tenestgjenta på Prestgarden. Norske sagn, ID 53791. ML category: ml3035 (Trollkjerringdattera). Collector: Edvard Grimstad. Place: Ringebu. County: Oppland. Archive signature: NFL 71, s.65f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53791 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53791/
Tenestgjenta på Prestgarden
NORSK ORIGINAL
Tenestgjenta på Prestgarden.
Det går ei forteling om ei gjente som tente på Prest-
garda for lenge, lenge sia. Ho kom rekande til bygda og
gjekk frå gard til gard, heimlaus og sturen så det såg
ut til å vera noko som tyngde ho sterkt. Til slutt kom ho
til Prestgarden, og presten tykte synd i ho og stedde ho
til tenestgjente. Og der vart ho. For ho var svært flink
i arbeidet, og vart godt likt. Men still og sturen var ho
stødt. Folk hadde som ein ågå (age) for ho, så ingen
gjekk nærare inn på å få greie på kva folk ho var av,
eller kva ho var så sturen for. Ho fekk gå for seg sjøl.
Men ein dag vart sakte presten forundra. Det var ved-
laust inne, og han skulle havt ved åt omna sine. Han
nemnde det åt gjenten som sto der med noko arbeid i
hendom som ho ikkje kunne sleppe. Ho såg fort ut gjen-
nom glaset, og da presten au såg ut, vart han var at ved
og vedfliser dansa rundt på garden og kom inn og fylte
vedkassa på ein blunk.
Ein annan gong hende det noko ute på gjordet. Det
var i slåtten, og gjenta var med og raka. Det var varmt
og turt i veret, og karan' bad ho gå inn etter drikke åt
dei. Men da spurde ho berre om å få låne ein tollkniv,
så skulle det bli drikke å få. Ho fekk kniven og stakk
han inn i ei stor gran der, og da kom det fossande ned i
eit spann som ho heldt under. Da karan' skulle smaka
på det, var det øl i spannet.
Presten fekk greie på dette, og han skjøna at gjenta
kunne meir enn andre. Så ville han setja ho på prøve,
og ein gong dei var åleine, spurde han om ho kunne
mjølke ei ku i grannegarden der ho sat. "Jau da," sa ho,
og så fann ho seg ei bytte og ein kniv som ho sette i ein
sprikk i veggen, og til å mjølke. Da ho hadde drivi på
ei stund, stana ho brått og sa: "Nå kan eg ikkje mjølke
lenger, for da mjølkar eg blod." Presten bad ho berre
mjølke viare. Men da var ikkje mjølka rein. Så slutta
ho att og sa: "Nå toler ikkje kua meir. Mjølkar eg len-
ger, så døyr ho." "Berre mjølk du," sa presten. Morgon'
etter var det stroke med ei ku i grannegarden.
Nå visste presten at ho var heks, og slik var det den
tia at hekser skulle brennast. Men presten hadde fått
godt åt gjentun, ho hadde vore så flink i stellet og bore
seg så fint åt elles at han var riktig lei seg for at det
skulle gå så med ho. For å sleppe å ha ho på bålet, gjorde
han det på ein annan måte. Han lurte krut inn i erman'
hennar ei natt og tente på, og gjenta sette livet til med
det. Så tok presten oska og det som var att av ho, og
grov det ned på kyrkje-garden. Og tri torsdagskveldar
etter gjekk han bort på grava hennar og bad til Gud at
ho måtte bli frelst. Men tridje gongen han var der, høyrde
han ei røyst som sa: "Det som ein gong er bortgjeve, kan
ikkje eg ta att."