Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Ei trollkjering hadde lært upp ei fosterdotter si i trollkunstir. Daa trollkj. var daai, tok presten gjenta til seg. So vilde han faa henne til aa vise nokre av kunstine sine, og spurde kva ho kunna. "E kann kje anna hell gjæra blæst aassaa mjaalke," sa ho. Ja, so skulde ho daa de. Sette 3 knivar i veggen og mjølka or tvo av deim. Um eit bil, so stansa ho, og mjølki vart blodblanda. "Du faar mjaalke mair," sa pr. "Ja, daa daayr kjyre," sa ho. "D'e dæ samma. Du ska mjaalke lell," sa pr. Ho mjølka, og daa var de berre blod. Andre morgonen kom husmannen og fortalde pr. at den einaste kyri hans hadde sturta paa baasen. "Du faar ta att ei taa me," sa pr. Og h. gjekk innpaa prestefjosi og tok den beste der var. So skulde ho gjera blaast. Daa hadde ho eit plagg i hondi og skulde gjera knutar paa. Og daa tok de til blaase. Ho knytte fyrst ein knute, so bles de ein passeleg vind som bles alle flisane av tune og inn i skjole. So knytte ho tvo, daa bles de hardt. "Du faar knyte ain ti," sa pr. Nai, daa kunno dæ blaase ne husi," segjer ho. Ho vilde kje gjera skade maa vita.
Informasjonom sagnet og kilden