Tilbake

Jolesveinane

NORSK ORIGINAL

Jolesveinane På Kvame her i Nerre Dale var det so utrygt jole-eftan, for då kom det fullt huset med jolesveinar. Husens folk laut difor røme. Ein jole-eftan kom det raklande ein framandkar og spurde um han kunde få hus der jole-eftansnatti. Men Kvams-mannen svara: «Me e husville sjølve i kveld. De kjeme fullt huse me jolesveina, o då ljøte me ut.» «Jamen e è 'kji redde dei, e,» sa mannen, «kan e berre få hus, so ska e vera inne.» So vart det. Kvams-folket kokte til kvelds og sette på bordet mat og drikke av det beste huset hadde. So gjekk dei åt fjøset og la seg. Framandkaren la seg på hjellen med byrsa ved sida. Då det leid på natti, kom det fullt huset med jolesveinar og benka seg kring det store bordet. I høgsætet sat føraren deira, han Trond. Då det leid på, heldt jolesveinane skåltalor for han Trond, den eine etter den andre. Då sa mannen på hjellen: «E me vil skåle før Trond!» So skaut han honom. Sidan har ingen sett jolesveinar på Kvame meir.
Informasjonom sagnet og kilden