Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 53869. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53869
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 53869. ML category: ml6035 (Skjære åkeren). Collector: Hans Ross. Place: Fjaler. County: Sogn og Fjordane. Archive signature: NFS Hans Ross 19, s. 50f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53869 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53869/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Jøu, dar va ein Mann so gikk aa saag paa Storaakren sin eit Kveld. Daa han gikk laangsmæ Aakrereina, segje han: "Jamen sku eg gje ei Tynne Øl til du va skoren". "Vil du halde Or, ska han væ skoren te Sola renne", haarde han noke ropte burta or Hogja. "Ja" svarde Mannen, "æ han skoren i Natt, ska du faa ei Tynna Øl i Moraakveld". Daa da foor ti myrkne, tænkte Mannen me seg sjøl, at han sku no sjaa ut kor da bar til, han hadde likso inkje noka Tru paa da. Men daa han kom ut paa Tuna, haarde han eit Staak aa eit Styr, so taa mykje Folk, aa han saag kor Konne vart skore. Daa forsto han, da va Aalvore deira. Han skunda seg inn atte ti take paa ti bryggje. Jau, daa Sola rann, va Konne skore, men ikkje uppbutte, da konn dei ikkje. Folkje haarde dei segje: "Bundelen kan me nok skjere med Bindelen kan me ' kje gjere." Da æ fyr da d 'æ Kors. Tussane kan korkje bitte helde segje Kors. Um Kvelden sette Mannen Øltynna inni Bua, aa um Natta hadde Tussanne Gjestebo. Morgonen itte fann dei eit Eikebor i Bua; da hadde dei gløymt itte seg. Sia vart da felt inni eit anna Bor aa da æ ti sjaa paa Garen endaa.