Tilbake

Tusseskeiene på Østenå

NORSK ORIGINAL

Tusseskeiene på Østenå. På den eine av Østenågardane i Fjågesund i Kvitseid finnest tri matskeier av sylv, og ingen veit kor lenge dei hev vore der; allvisst hev dei gjenge frå far til son so lenge nokon veit å fortelja. Skeiene hev runde blad og eit stutt skaft med eit lite lauv i enden. Inne i eine skeiebladet er inngravet "Gulbrand Olafsen" og "Gud trøste alle bedrøvede hjerter". - Aarstal finnest ikkje på nokon av dei. Til desse skeiene knyter seg dette sagnet: Det var ein dag i skurdonni. Mannen på Østenå hadde lite arbeidshjelp, - men mykje arbeid, og det som hasta mest med, var å få skjera Gullbring - ein stor åker attmed husi - som stod fullmògen. For å få skjera åkeren laga han til dugnad, og til denne bryggja han ei heil tunne malt. Natti fyri at dugnadsarbeidet skulde taka til, kom det ein flokk med tussar og skar Gullbring - og etterpå drakk dei upp alt ølet, som då stod i gong; men då dei ikkje hadde kunne bunde det kornet dei hadde skòre, so lagde dei att dei tri nemnde skeiene i ølkjeret. Då Østenåmannen òpna kjeret, so fekk han til si undring sjå at ølet var burte - og skeiene komne i staden. Då han tok og såg på dei, høyrde han tussane ropa frå fjellet òvum husi: "Me kann alle skjera, men ingen bendillen x) gjera." x) bendillen - bandet av kornstrå, som bind saman kvart kornband.
Informasjonom sagnet og kilden