Tilbake

Svartedauden.

NORSK ORIGINAL

Svartedauden. Etter Svartedauden rauk det berre på 3 skorsteinar innum Saltstraumen. I Skjerstad fanst det att folk berre på ein gard; det var på Kvandal. I Saltdal levde det att folk berre på Røkland. Det går ei segn um ei trollkjerring frå den tida Svartedauden herja. Ho streifa frå stad til stad; og tedde seg snart her og snart der. Ho bar på ein lime og ei rive. Når ho viste seg på ein gard, so fekk folk jamt sjå henne i arbeid, antan med riva eller med sopelimen. Der ho raka med riva utfor eit hus, vilde ein eller fleire døy burt. Men der ho brukte limen, vilde alle stryka med.
Informasjonom sagnet og kilden