Tilbake

SVARTEDAUDEN

NORSK ORIGINAL

SVARTEDAUDEN. ---------------- Etter ei onnor forteljing var det so i Høgsfjord at ei gamall, skrukkutt og stygg kjerring fór kringum i bygderne med ein stubbalime som ho sopa med i kvart eit hus. Vart det daa etter- liggjande eit sandkorn eller noko, so løyvdest i minsto eit men- neskje; men der som inkje vart etterliggjande, der døydde kvart livet. Daa denne kjerringi kom til Kolabygdi, var det der eit mannslegt kvende som tok limen ifraa henne og jaga kjerringi burt med ein kolasnart. Daa var det ende paa magti hennar; difyr var det ingi bygd paa desse kantar som hadde so mange folk etter svartedauden. Det er den kolasnarten som bygdi skal hava namn etter.
Informasjonom sagnet og kilden