Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Hølersætre er ein skoggard, som ligg omlag ei halv mils veg sørvest for garden Ølmhus. Det er nok ein gamal gard. Før svartedauden budde det folk der. Den stygge sjuka tynte visst kvart levande kreket. Dei fann att garden ei tid etter svartedauden. Sume veit korleis det gjekk til. Ein mann fór gjennom skogen. Han var på veidn, er von. Rett som det var, råkte han inn på ein gard. Det er ikkje gjete om bygningen stod, eller om han var rotna ned. Men husrestar stod det i vissa. Då han gav seg til leite, fann han leivningar etter fleire beinrangel etter folk, som var daude. Beini samla han i hop og fekk gravlagt dei i kristi jord. Mannen sette no bu på heimen han hadde funne og gav han namnet Hølersætre. Men det var ikkje ro å få nokon stad. Då fekk han ei råd. Han skulde gå stad grava opp att dei beini han hadde flytt, og grava dei ned att der han hadde teke dei. So vart gjort. Då vart det fred.
Informasjonom sagnet og kilden