Tilbake
Sitering
Kort referanse
Gullringen som kom att. Norske sagn, ID 53926. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53926
Utvidet referanse
Gullringen som kom att. Norske sagn, ID 53926. ML category: ml7050 (Ringen i fisken (Polykratessagnet)). Collector: Johan Hveding. Place: Troms?. County: Troms. Archive signature: NFL 53, s. 74f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53926 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53926/
Gullringen som kom att
NORSK ORIGINAL
Gullringen som kom att.
Med' Gjertsen var handelsmann i Klauva, var det annsamt
liv der på garden. Mykje folk vanka der, og det såg ut til å
vera flust med rikdom. Frua meinte ofte at dei kunde ikkje bli
fatige. Ein gong ho fór over Solbergfjorden kom ho i trette med
skyssen sin. Skyssen meinte at alle menneske kunde bli fatige,
sjølv den rikaste. Nei, det trudde ikkje frua. "Ikkje vi for vår
part; vi har så vidt mykje mellom hendene no," meinte ho. Skys-
sen heldt på sitt. "Her skal de sjå," sa ho, og tok ein ring av
fingeren sin. "For oss å bli fatige, er like så umogeleg som å
få att denne ringen", og så kasta ho ringen i sjøen. - Med
det vart det stillt om samtaleemnet.
Lang tid gjekk, og mangt tok til å endra seg i Klauva. Ein
dag kom ein bygdekall til Klauva og spurde om dei skulde kjøpa
fersk kokfisk. Jau, det skulde dei; men frua vilde ned på
bryggja og sjå om det var lever og rogn i fisken. Kallen tok
då kniven og sprette opp ein feit torsk. Lever og rogn valt ut;
men med det same trilla det ein blank, liten ting ut or fisken og
la seg framfyre føtene hennar. Kallen turka av tingen og såg
på han. Ein raud, vakker gullring! Frua kjende han att. Der
stod namnebokstavane hennar i han. "Sanneleg er det min!" sa
ho og heldt på å uveta. - Ikkje fem år etter denne dag laut
Gjertsen og frua flytja bort i frå Klauva, så mykje gjekk det
ut med dei. Dei hadde nær kome på bygda; men skyldfolk i
Trondheim tok seg av dei og gav dei livsopphaldet.