Tilbake

Remmems-Pien

NORSK ORIGINAL

Remmems-Pien PÅ Remmem (Vestnes) budde det ein gong to rike tauser. Dei kalla dei Remmems-pien - dei var vel tå desse Danskefolkja. Den eine tå dei var so flott at ho bytte lummetørklæ kvar morgon, og det ho hadde brukt, kasta ho ut gjenom glaset. Ein dag dei skyssa ho over Straumen åt Vestneskyr- kja tok ho ein gullring tå fingeren og kasta han på sjøen: "So omule so det e at denne ringjinn kann komme att - so omule e de at I kann bli fattig" - sa ho. Ikkje lenge ett-åt kom ein mann og baud fisk, som ho kjøpte. Og når dei gjorde opp fisken, fann dei i innmaten att ringen ho hadde kasta ut. Då bleikna ho vekk Rem- mems-piå, men ho nekta på at det var same ringen som ho hadde kasta ut. Etter på detta fekk ho det eine tapet etter di andre. Og ho blei so fatig at når ho døydde blei ho sveipt ti eit laken som var samansydd tå dei lummetørklæda ho hadde kasta ut - og som tenestgjenta hennar hadde teke vare på.
Informasjonom sagnet og kilden