Tilbake

Svartedauden.

NORSK ORIGINAL

Svartedauden. Paa Inset skal Holtan, Busta'n (som no er sæter i Innerdalen), Stabbursta'n og Sundset i Rennbu ha vore grannegardar. Ein kunde sjaa fraa den eine til den andre av desse gardane, og etter svartedauden, daa det døydde ut so mange gardar, bles dei aat kvarandre paa lur, so dei skulde vita det var folk i live. [ ] I Innerdalen skulde det ha vore 30 gardar fyre svartedauden; men der døydde alt folket ut, so sidan vart Innerdalen berre ein sæterdal. Men enno kann ein sjaa det har vore vinterbuande folk der, for ein finn gamle aakerreiner og tomter etter kvernhus der.
Informasjonom sagnet og kilden