Tilbake
Sitering
Kort referanse
Svartedaud-segner. Norske sagn, ID 53958. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53958
Utvidet referanse
Svartedaud-segner. Norske sagn, ID 53958. ML category: ml7090 (Gjenlevende finner hverandre). Informant: Henrik Før. Collector: Knut Hermundstad. Place: Nord-Aurdal. County: Oppland. Archive signature: NFL 55, s. 20f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53958 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53958/
Svartedaud-segner.
NORSK ORIGINAL
Svartedaud-segner.
Då svartedauden for over Valdres, døydde folket ned for fote. Ei segn seier at det levde att ein mann i Køllstad og ei gjente i Garli. Det vart audleg for gjenta, og ho gav seg på ferd, skulde sjå um det fanst att folk. Til slutt kom ho dit denne mannen var. Då ho vart var han, skulde ho sagt:
"Gud signe de, din gamle Køll!"
Det vart eit par tå desse to. Garden dei sette bu på, fekk namn etter guten. Det vart Køllstad. -
Dei som vart ute for svartedauden, fekk ein svart, rund flekk midt i skallen, sa dei gamle.