Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Vetle Vihus var ein gauve og han levde på den tida Svartedauen for. Han hadde ein son, og han blei gift med ei prestedotter. Men horre ho var ifrå, det veit eg ikkje. Eg minst det 'kje att. Dei stelde han av stad med ein gild hest og han var så tilrigga og stasa med sylv og silke at det var eit syn å sjå. Vihusguten hadde sett denne vene prestedottera før. Ho hadde kome i hugen hans og han kunne ikkje gløyme ho. Nå ville han ut og leite etter ho, for han laut finne henne. Han strauk av stad og han var ikkje viss på vegen, så let han hesten velja ved vegneskjela. – Han fann fram til gjenta, og ho var aleine, alle dei andre hadde stroke med i sotta. Ho fløtte med han til Vihus og dei blei gifte. Da var han au aleine. Sotta hadde sopa med seg. – Dei bygde og budde der. Og frå dei stammar ei ætt som det truleg ennå er ættlingar av i Bøherad.
Informasjonom sagnet og kilden