Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 53980. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53980
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 53980. ML category: ml7090 (Gjenlevende finner hverandre). Collector: Johan Skrindsrud. Place: Etnedal. County: Oppland. Archive signature: NFL 77, s. 13. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53980 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53980/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Den store mannedauden herja også i dalen her, og Gryte-
lii (eller Grøslii) og Dalane vart øydde for fastbuande folk.
Seinare tok folk frå Skrautvål desse utlagde bruki til
stølar.
I Steinsetbygdi døydde alt folket ut så nær som i Stein-
set, fortel segni. Der levde det att ein einaste ein. Det var
ein gut, og han fekk då hug til sjå om det levde att folk på
andre kantar i Valdres.
Han for over åsen til Øystre Slidre og kom ned i Koll-
stadbygdi. Men det var ikkje levande liv å sjå nokon stad.
Han gjekk inn på ein gard der, og der låg sjølvfolki daude
i sengi si.
På ein krakk framanfor bordet stod det nokre mjølke-
bunkar med gamal fale på; på ein bunke var det gravi på
falen; det synte etter små fingrar. Guten tok til leite, og til
slutt fann han ei ørliti gjente innanfor peisladet; dit hadde
ho smotti då han kom.
Gjenta var heilt folkeredd, men mannen tok henne med
seg til Steinset, og seinare gifta han seg med henne.