Tilbake

Kyrkja på Rindal

NORSK ORIGINAL

Kyrkja på Rindal. Burtanfor Gjøabrua, nedanfor Landsheim er der ein ven haug dei kallar Kyrkjebakken. Der har aldri stade nokor kyrkje der; men gamle folk veit å fortelje dette. For mange hundrad år sidan, då rindølene fyrste gon- gen tenkte å bygge seg kyrkje, vart det fastsett at kyrkja skulde stå på Landsheim. Dei tok alt til å køyre fram timber. Men det rare var at um natta var tømmeret vorte burte. Folk til å leite. Jau, der låg kvar stokken på Rindal, der kyrkja no står. Dette tok dølene for eit teikn frå Vårherre, og so vart kyrkja bygd der. - Langt seinare kom det upp at folket i Aunegrenda og Romundstadbygda hadde vore mann av huse ei natt og køyrt tømmeret til Rindals.
Informasjonom sagnet og kilden