Tilbake

Tyldalskyrkja

NORSK ORIGINAL

Tyldalskyrkja. Fyrr fyste kyrkja var bygd i Tyldalen, hadde dei offerstaden sin i ein trelund ute ved Brua, der dei enno kallar det Lund. Der skulde dei ha dyrka Tor. Men alt ved dei tider St. Olav fall, skulde fyste kyrkja vore uppsett, og ho stod uppe ved Olsberg. Men so vart det folk i bygdene i kring, og då desse tok til aa sokna hit, langt nordanfraa Soknedalen, so vart denne kyrkja for lita. Dei sette daa upp ei ny kyrkje noko so nær paa same staden. Den stod daa lenge, til ho brann upp. Det hadde no vorte veg gjenom dalen, og so vart det strid um kvar den nye kyrkja skulde staa. Folk sud i bygda vilde ha henne flutt sørover, og det vart og tømta og grave kjellar der sør i. Men fyste natta etter at dei hadde teke til aa grava kjellaren var nordkarane der og heldte ned i vatn, og so vart det til det at grunnen var for raalendt der. So fekk dei tømta paa flaten lenger nord, der ho no staar, og kyrkja vart ferdugbygt 1736. Det er den som no staar.
Informasjonom sagnet og kilden