Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 54016. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54016
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 54016. ML category: ml7060 (Strid om kirketomt, byggematerialer flyttet). Informant: Melchior Yttri. Collector: Sjur Bøyum. Place: Jostedalen. County: Sogn og Fjordane. Year: 1933. Archive signature: NFS Sjur Bøyum 5, s. 2f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54016 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/54016/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Jostedalen vart i lang tid liggjande i øyde. Etter dei upplysningar ein har, skulde det vera umlag 300 år. Etter dei årstal som finst i Jostedalskyrkja, skal ho vera bygd i 1626. Det finst ymse segner um kyrkja. Dei hadde fyrst teke til å byggja kyrkja på ein haug uppe ved Øvregarden. På den staden ligg det den dag i dag ein stor stein som dei kallar kyrkjesteinen. Ein morgon då bygningsmennene kom på tomti, var alt bygningsvyrke burte, og likeeins dei umfari som alt var lagde. Byggjarane vart ståande radt forklumsa og rådville. So tok dei til å leita og vilde få greida på kvar det var vorte av alt saman, og um ikkje lenge fann dei byggjevyrket att på ei tett skogvaksi flata 1/2 km. lenger nede i dalen. Det er ikkje godt å segja anten det var usynlege vette eller motstandarar av den fyrste tomti som hadde flytt materialane. Men visst er det at dei tok til å rydja på den nye staden, og då fann dei djupt nede i jordi ei gamal rusta kyrkjeklokka. Då vart dei visse um at kyrkja måtte ha stått der i gamal tid.