Tilbake
Sitering
Kort referanse
Da Verkjes-kyrkja vart fløtt. Norske sagn, ID 54017. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54017
Utvidet referanse
Da Verkjes-kyrkja vart fløtt. Norske sagn, ID 54017. ML category: ml7060 (Strid om kirketomt, byggematerialer flyttet). Collector: Edvard Grimstad. Place: Gudbrandsdalen. County: Oppland. Archive signature: NFL 83, s. 87. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54017 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/54017/
Da Verkjes-kyrkja vart fløtt
NORSK ORIGINAL
Da Verkjes-kyrkja vart fløtt.
Lesjaskogkyrkja sto fyrst i Verkje, det er ei go' mil
synnafor der ho nå står. Det vart lang kyrkjeveg for folk
som budde nørdst i bygd'n. Frå Rånå vart over tvo mil. Og
den ti'e var det berre riandes veg. Så vart det til at kyrkja
skulde fløtjast nordover. Men så var ikkje skogingan samde
um kvar ho skulde stå. Sume vilde ha ho der ho står, og
sume vilde ha ho ein stubb synnafor der. Og desse rådde
over dei hine, og tok til å byggje der. Men det dei bygde um
dagen, vart ne'attrivi um natte. Dette tok seg uppatt gong
på gong. Da skjøna dei det var andre makter med i spelet,
og tok til å byggje nordafor der, slik som sume hadde
meint, og da fekk arbeidet vera i fred. Såleis kom ho på
den plassen ho har og da veit ein at ho står rett og trygt.