Tilbake
Sitering
Kort referanse
Klokka skulle ikkje bort. Norske sagn, ID 54019. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54019
Utvidet referanse
Klokka skulle ikkje bort. Norske sagn, ID 54019. ML category: ml7070 (Kirkeklokker). Collector: Jens Haukdal. Place: Gauldalen. County: Sør-Trøndelag. Archive signature: NFL 87, s. 85. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54019 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/54019/
Klokka skulle ikkje bort
NORSK ORIGINAL
Klokka skulle ikkje bort.
Soknedal var anneks til Støren slik det er den dag i dag. Det gjekk gjetord i prestegjeldet om den fine, velklingande klokka, og det kom så langt at det vart fatta vedtak om å flytta klokka til Støren kjørkje – høkjørkja , som dei sa (hovudkjørkja).
Det var prosten Bødtker som fekk ordna dette, og det var noko av ein småkonge denne prosten. Han bruka seia: Jeg er provst og hafvuer at gjøre som jeg vill.
Klokka vart teki ned frå tårnet i Soknedal og lesst på ei sterk steindrøy.
Det var bygdasorg i Soknedal denne dagen.
Men det var da så mistenkjeleg tungt dette lasset. Dei måtte spenna for 12 hestar og dei låg i og drog så skummet valt av dei. Men det vart ikkje mange hundre metrane dei kom med lasset. Det blir fortald slik:
- Døm kom itt lenger inn åt Tøljgrøven – der gjekk hestan tu greøm og lasset sto bommand fast.
Dei skjøna da at det var krefter og makter som ikkje ville at klokka skulle bort frå gammal- kjørkja på Hov. Desse kreftene var nok sterkare enn prosten.
Dei fekk venda lasset med staurar og væger, og no kjørte dei lasset attende til kjørkja med ein temming i skjækene. Det kosta ikkje noko for unghesten å dra lasset som 12 vaksne hestar ikkje greidde.