Tilbake

Kyrkjeklokka på Hustad

NORSK ORIGINAL

Kyrkjeklokka på Hustad Det var ein juledag, ein uversdag, at det kom drivandes inn frå havet ei skute, og dreiv oppå attfor Malehamaren, utanfor Male - og der blei folket redda. Ombord i denna skuta var ei Hollandsk hertuginne. Hertuginna såg at der gjekk mykje folk oppe på land. Og ho spurde kva alt folket gjekk etter. Jau, folket gjekk til kyrkje,fekk ho vite. Ho undrast då over at ho inga kyrkje- klokke høyrde. Og då fortalde dei 'na, at det gamle kapel- let som hadde stade her før,nyst var oppbrunne, og der gjekk klokka med au. Og det var so fatigt med folket her at dei hadde ikkje råd til å kjøpe seg ny klokke. Då her- tuginna fekk høyre dette, tok ho og gav klokke til Hustad- kyrkja, til takk for at ho hadde vorte redda her. Klokka blei støypt på Hamar. Og ho og ei slik klokke til blei køyrt ilag oppover Mjøsen, på isen om vinteren. Men so gjekk det hol på isen, og den andre klokka gleid tå sleden og søkkte ned. Hustadklokka kom vel fram til Hustad, og vart opphengt i den gamle Hustadkyrkja. Men Hustadklokka sa jamt når ho ringte: "Søster mi ligg i Mjøsn!" "Søster mi ligg i Mjøsn!"
Informasjonom sagnet og kilden