Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 54043. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54043
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 54043. ML category: ml8000 (Utfor stupet). Informant: Elen Jonsen. Collector: Anton Røstad. Place: Alta. County: Finnmark. Archive signature: NFS Anton Røstad 3,s. 15f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54043 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/54043/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Ei finnekjerring var framsynt. Ho drøymte at varrussen skulde koma, og sette seg for å gjera ende på dei. Ho budde ved ei stor elv, og straks nedanfor var det ein stygg foss. So sydde ho seg næverklær og bad alle andre um å gå og gøyma seg. So kom russane, og ho tok godt imot dei - sa ho var glad at det kom folk då ho var heime åleine, og ho stellte god for deim.
Sidan vart det stellt slik at ho skulde visa dei vegen til andre bygder. Men, sa ho - dei måtte la seg driva over ei elv som var nokso leid; men berre dei fylgde henne skulde dei koma over. Då måtte dei ogso vera bundne saman med eit langt reip, so dei ikkje kom vekk frå kvarandre. For eit stykke nede var det ein foss som dei vilde driva ned over um dei kom vekk frå hende. Sjølv skulde ho halda fremste enden av reipet og føra dei rette vegen.
So vart gjort; men då finnkjerringa hadde kome so langt ut i elvi at alle russane måtte vera komne i elvi, slepte ho tauget og let dei driva ned over fossen. Sjølv flaut ho på næverklæde og kom seg i land atter.