Tilbake
Sitering
Kort referanse
Røvararne og budeia. Norske sagn, ID 54062. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54062
Utvidet referanse
Røvararne og budeia. Norske sagn, ID 54062. ML category: ml8025 (Røvere på setra ("Till, till Tove")). Collector: Olav Sande. Place: Aurland. County: Sogn og Fjordane. Archive signature: NFS Olav Sande 1, s. 28ff. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54062 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/54062/
Røvararne og budeia.
NORSK ORIGINAL
Røvararne og budeia.
Det var mest ikkje trygt fyr nokot slag fyrr: Stund um var det huldrar og slikt slag underjordiskt, som var ute og gjekk med sine strik, og stund um var det fantar og røvarar.
So som det hende no ein gong uppe i Ljosdalen, ein Brekke-stødul. Der kom tolv røvarar til ei budeia og trugad henne på alle måtar etter mat og alt slag, og dei gav seg til å drepa krøteri. Men so var gjenta god til å lura seg frå deim, ho, og kom fram (til) Lauvberg på Gjeita og lu(dr)ad heim til garden:
"Ly ut, ly ut lávamann!
Her er røvarar i skogen!
Didel, idel lo'adn!
Tolv mann i skogadn!
Tolv mann ere dei;
tolv sverd bera dei.
Bjødlekjyri binda dei;
buruksen stinga dei.
Buhunden hengja dei;
gjætlebodni dengja dei,
og meg vilja dei burt taka
med vald og makt, som liti æ -
langt, langt, langt burt i skogjen
kom snart, kom snart, kom snart!"
Gjekk budeigja til stødulen att og gav seg i godsnakk att med fantom.
Dei strauk med henne lell. Men ho var god til å lura deim til å giva seg god tid, fann på, dei skulde setja seg ned og kvila, og so sat ho og luskad hovdingen åt fantom.
Kararne, som heima var, skundad seg i veg; men dei gjekk ikkje upp frå Brekke og upp Losdalen; dei for fram Flåms-vegen og um Kringla og til Skubbesæte. Der nådde dei røvararne att, bergad gjenta og fangad fantarne.
Sume segjer, at det var på den stødulen, dei kallar Ljoren, detta hende, og at budeigja kom fram på berget yver Flåm og lu(dr)ad detta ned. Sume, at det var kjærringi åt fantahovdingen, som sat og luskad og skubbad honom, og at det er frå den tid, dei kallad den staden Skubbesæte.
Der vart storefanten skotin, fenta hans og, og sume av bølet fekk ryma til Voss, ventelegt. Der skulde ikkje bu mange menner på Flåm den tid, inkje fleire en 2, segjer dei.