Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Når ein grov etter skattar, måtte ein vera tyst alt med gravinga stod på. Um ein ikkje akta på det, vilde ein aldri få det ein leita etter. Det var to som var og grov etter ein skatt. Det var endå ei jonsoknatt. Alt medan kom dei til å bli vis ei kjerring som kom siglande i eit knøtrog. Men karane gjorde som dei inkje såg; dei dreiv berre på. Leid um ei tid sette dei frami loket av ein kjel. Med dei no bala og skulde få kjeløyra fram, kom kjerringa åt dei. "Ka e da døkk'r styra me?" Dei var komne so langt at dei hadde kjeløyra berrt; og ein av karane tok tak i det. Han kjende seg no trygg og la til å svara. "Ka vi styra me! Da ska inkj du ha nokon attlet før". Just i det same rann sola. Og før dei rett visste av det, var dei skilt med både kjelen og kjerringa.
Informasjonom sagnet og kilden