Tilbake

Løynd skatt.

NORSK ORIGINAL

Løynd skatt. Ved vegen up til Stølane ved Skogshødn i Hemsedal ligg det eit tjern dei kallar Olastjern. Der var det i gamle dagar ein kjel med pengar. Denne kjelen sokna dei etter fleire sankthanskveldar, men dei hadde ikkje lov til korkje å legje (læ) eller snakke med dei dreiv med dette. Dei såg so mykkje som vilde narre dei til å segja noko, soleis såg dei ei kjerring som kom roande i eit trog. Då dei hadde fått kjelen so høgt at dei heldt 'n i øyro ved båtkanten, sa kjerringa: "Eg tek dei vel att! Eg tek dei vel att!" Då var det ein som ikkje var god for å halde seg anna enn han svara: "Nei-gu gjere du". Men då datt kjelen nedi att.
Informasjonom sagnet og kilden