Tilbake
Sitering
Kort referanse
SKATTEGRAVING. Norske sagn, ID 54109. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54109
Utvidet referanse
SKATTEGRAVING. Norske sagn, ID 54109. ML category: ml8010 (Skattegraving). Informant: Fridtjof Øvrebø. Collector: Torkell Mauland. Place: Torvastad. County: Rogaland. Archive signature: NFL 26, s.88. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54109 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/54109/
SKATTEGRAVING
NORSK ORIGINAL
SKATTEGRAVING.
I Torvastad hev det gjenge segner um ein stor skatt som
skal vera nedgreven i ei steinutt utmark. Mange hev havt hug
til aa grava; men som alle veit, kunde det ikkje gjerast um da-
gen: midt paa natti maatte det vera. So var det ein gamall
mann som ein gong vilde freista. Han visste at skulde gravingi
vera til nokor nytta, so laut det vera midnattsbil, og paa den
tid gjekk han. Han grov fleire næter i rad, og sistpaa kom han
ned paa ei stor hella. Daa fekk han med ein gong sjaa tvo
store kraakor. Han stokk av dette, men han kunde ikkje anna
en stira paa deim. Daa vart det til tvo menner, og dei kom beint
imot han. Daa kunde han ikkje halda det ut lenger; han sleng-
de baade grev og spade langt ifraa seg og sprang heim so
fort som føterne kunde bera han.