Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 54142. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54142
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 54142. ML category: ml8005 (Hjem til konas bryllup). Collector: Sjur Bøyum. Place: Balestrand. County: Sogn og Fjordane. Archive signature: NFS Sjur Bøyum 4, A, s. 12. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54142 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/54142/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Det var eingong ein mann på Skarestad som var i krigen. Han var so lenge burte at dei trudde han var død, og kona gifte seg att. Men då lang tid var lidi kom mannen heimatt, og ingen kjende han. Han for til Skarestad og bad um hus og mat, og då han sette seg til bordet strauk han huva av medan han las for maten. Han sette ho på att medan han åt, for soleis var skikken då. Kona kjende mannen att på eit ær i skallen, og då sette ho i eit skrik og uvita med det same. Det vart visst til det at det vart siste mannen som fekk retten til å sitja med garden.