Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Det var ein tå slekti her som var med i 30-års-krigen. Han heitte Arne Tidemansson eller Timan Arneson. Han var so lenge burte frå heimen utan at nokon høyrde frå han, at kjerringi trudde han var fallen. På vegen heimatt hadde han fått spurlag på at kjerringi heldt på å gifte seg att. Og då herda han på, so han skulde koma heim føre brudlaupet. Ein kveld kom han hit til Revling, gjekk inn og sette seg på stabben som ein annan betlar. Dei rek då te han noko mat. --------- Då framandkaren hadde fått mat, forlangte han å få ein dram attåt. Det skulde han ikkje få. "Ja, ja, so får e skjenkje me ein dram sjølv e då," sa han. So gjekk han stad læste upp roskåpet og tok seg ein dram. Med det same vart dei stirde på brudi. Ho vart so bleik. Ho hadde drege kjensel på mannen sin. Då hadde ho kviskra noko te han som brudgom skulde ha vorte, og so hadde han gått fram. Då hadde rette mannen leidt han ut og sagt at han skulde ikkje gjera han noko, dersom han ikkje vilde syne seg meir.
Informasjonom sagnet og kilden