Tilbake
Sitering
Kort referanse
Peder Dass. Norske sagn, ID 52728. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52728
Utvidet referanse
Peder Dass. Norske sagn, ID 52728. ML category: ml3025 (Skyss med Fanden). Collector: Tore Bergstøl. Place: Lindesneskanten. County: Vest-Agder. Archive signature: NFL 82, s.44. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52728 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/52728/
Peder Dass.
NORSK ORIGINAL
Peder Dass.
Ein gong fekk Peder Dass ordre om å koma til Danmark
og preka på ei visse tid, og det var stutt tid å gjera på. Ikkje
hadde han nokon til å setta seg over heller, men du veit han
kunne noko av kvart. Så måtte sjølve Gaml-Eirik fram. Peder
sette seg på ryggen hans, og så bar det ut over sjøen. Men
styggen heldt seg så nere ned til vannet som han kunne, for
han tenkte at Peder skulle bli redd og krossa seg og nemna
Guds namn, for då hadde det vore putt ned, og så hadde han
blitt kvitt han. Men Peder sa: "Nå, satan, høyere opp og fortere
fram," og då måtte han i veret. Dei kom fram til tida, men
Peder fekk bare ei stutt tid å gjera på. Teksta skulle liggja
ferdig, og så tenkte dei at dei skulle prøva å lura han igjen
og la fram eit kvitt papir utan eit ord. Då Peder kom på
stolen, såg han først på den eine sida av papiret og sa: "Her
står intet," og så snudde han det og sa: "Og her står intet,
og av intet skapte Gud verden," og så la han ut så hersjeleg
om det.
Han hadde lovt Gaml-Eirik på førehand at han skulle få alle
sjelene til dei som sov i kjørkja når han prekte. Etterpå klaga
Gaml-Eirik for han ingen fekk og sa: "Kunne nogen få sove
slig som du buldra."