Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 53991. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53991
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 53991. ML category: ml7060 (Strid om kirketomt, byggematerialer flyttet). Collector: Ingrid Nauthella. Place: Eksingedalen. County: Hordaland. Archive signature: NFS Ingrid Nauthella 4, s. 18. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53991 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53991/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Kyrkjesteinen er ein veldig stor stein som ligg på Lavikabøen.
Namnet skal han hava fenge, avdi at då den fyrste kyrkja i Eksingedalen vart bygd, vart timbret til den hogdt i Haugadalen, der Lavikastølen no ligg, der var fureskog der og den tid. Det vart heimkøyrt og upplagd atmed Kyrkjesteinen. Meiningi var då at kyrkja skulde stå på Lavikabøen, ned mot Heggjeneset. Men då dei hadde lagt fyrste umfaret på kyrkja, vart timbret flutt til Flakoll (Flatekvål) um natti. Dette tok folk som eit teikn frå høgare magter at kyrkja skulde stå på Flatekvål.
Dette skulde væra i 1600-talet. Truleg i fyrste luten.
Denne kyrkja vart revi i 1880-81, då den novarande kyrkja vart bygd. Hegjjeneset, skulde etter gamalt heita Hovneset og dalen skulde hava Gudehovet sitt der. Det er truleg at hovsteinen som er nemndt i gardaregla, er den same som no kallast Kyrkjesteinen.