Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Eingong var det ein mann, som laut reise til Lofoten endå kjerringe hans snart venta å få små. Som lett kan skynast, so var mannen litt uroleg av seg. Han ha liksom ikkje godt i seg, og var mykje forviten etter å få høyra korleis det stod til heime. No var det millom andre og ein finn med i same roarlaget, som denne mannen var. Denne finnen sa ein dag til honom, at var det so han vilde ha greide på korleis det stod til heime, so skulde han berre snakka til seg. Det var inga sak for seg å gjeva han all den greida han ynsja seg, let finnen, var det berre so mannen vilde betala for det. Men betala det måtte han, ellers vart det ikkje noko av. Jau, det var mannen viljug til; men før han flidde pengane ifrå seg so vilde han ha eit sikkert bevis på, at han og greidde noko. Han gav ikkje ut pengane sine slik i ver og vind, sa han. Ja det var ingen ting i vegen for det, svara finnen. Og dermed strauk so finnen på dør. Han var ute ei tid og so kom han inn med ei sølvskei, og spurgde om mannen kjentes ved den. Jau det gjorde mannen, det var den skeie han brukte eta med, når han var heime, han hadde endå namnet sitt innrita på baksida av skaftet. Javel, men no laut han få skeie attende, sa finnen. Og det kunde han fortelja honom, at det stod berre godt til heime både med den store og den lesse, sa han. Kjerringe hadde fått småkarar ho, og alt var gatt [sic] godt og vel. Då mannen kom heim våren etter, fekk han høyra kor merkeleg same skeie hadde vorte borte. Ho sat og gav barnet mat, kona, og med eit var skeie spurlaust [sic] vekke. Det vart leita og leita, men fåfengt. Men so om ei tid var skeie kome att som av seg sjølv, og ingen kunde skyna kvar ho hadde vore i millom tide. Men den tide då skeie kom bort svara nøyaktig til den tide då finnen helt på å gjæra kunstene sine i Lofoten.
Informasjonom sagnet og kilden