Tilbake

Presten Valnum

NORSK ORIGINAL

Presten Valnum Det var eingong dei dreiv og danste paa eit vertshus i byen. Daa dansen gjekk paa det villaste kom hinmannen sjølv og var med og danste. Han danste so vilt at gjentone heldt paa aa verta sprengde. Daa fyrst skyna dei at det maatte vera styggemannen sjølv og dei vart skjelvande redde, kan ein vita. So henta dei ein prest til aa binda han. Men styggen sa: "Du er ikkje slutta med aa gaa her du heller." Dermed var han ferdig. Daa henta dei ein annan prest, og fanden sa daa: "Kjem du trekort-spelar og?" So greidde ikkje han aa gjera noko med han. Men daa henta dei gamle presten Valnum. Daa sa den vonde: "Du har stole pengar eingong." "Eg har ikkje stole," svara V. "Det var eingong eg tok 2 skilling hjaa han far. Eg kjøpte mat for dei, for eg var so svolten. Det reknar eg ikkje for nokon stuld." So gjorde presten eit rundt riss paa golvet. Anten det var med stokk eller med ei bok, veit eg ikkje. "Der skal du igjenom, " sa han. So letta det seg upp ei rund luka i golvet nett so stor som risset presten hadde gjort. Der laut fanden igjenom og daa han for, vart det eit sprakande og eit gneistande so det var stygge ting. Men daa vart det slutt med dansen og, skal eg segja deg.
Informasjonom sagnet og kilden