Tilbake

Han Anders Olsa

NORSK ORIGINAL

Han Anders Olsa i Jamtlien (Rana) rodde ein vinter i Kabelvåg. Der kom han borti ein spassasi med ein finn. Ja, det var ein gamalbysting som fór der i været, og det gjekk ymse ord om den karen. Så ein kveld kom han i bua der han Anders heldt til. Han Anders leita fram flaska. Og dentid finnen hadde fått fyrste drammen ned, klunka han på etter meir. Det kunne la seg gjera, meinte han Anders. "Men innan e je de meir, vel e sjå om [du] kann nok." Så tvara dei om dette, til finnen sa seg god. Han Anders kunne få seia kor han ville ha det. Og finnen sette på han ville ha ei halv kanne brennevin. "Du få fortel kor di ha da heime," sa han Anders. Her bar til. Finnen la seg langflat etter bugolvet. Men då var det jussom det fælte han Anders og han spurde finnen om dette var farleg. "Inkj just da. Men få inkj rør kofto!" Så tok han til å jamra seg, og kvartetter var det jussom han vart borte for dei. Dette vara ei økt. Men så tedde finnen seg for dei. Det stod vel til heime, sa han. "Du ha høvele vore heime!" bles han Anders. Då morska finnen seg opp. "Vel hånn inkj tru, så ska hånn få sjå." Drog så fram ein brødkniv or kofta og spurde han Anders om han kjendest ved han. Då fisket var over, og han Anders var komen heim, kom kjerringa til å årsaka seg for kniven ho var vorten av med. Ho stod just ved bordenden og stelte med maten dentid han vart borte, sa ho. Men då visste han Anders å fortelja kva veg kniven hadde teke.
Informasjonom sagnet og kilden