Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 52736. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52736
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 52736. ML category: ml3080 (Finneferd). Collector: Dagmar Blix. Place: Lofoten. County: Nordland. Archive signature: NFL 93, s. 83f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52736 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/52736/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Så va det ein gong før lang ti sia at ein finnkall rodd feske
i lag med nokre bumenner ifrå innlandet. Høvedsmannen va
så nefør og gjekk og grubla og gremma seg over nokka, det
kunn all førstå. Finnkallen sport han ka det va som feila
han. Nei, han sjøl feila det ingenteng, men han va så førfer-
deli redd før kona si. Ho venta smått i denher tia, og ho va
litt sjukholdt i førvegen, så det va uvesst korleis det kom tel
å gå. Han sa han vesst ikkje ka han skull ha gjett før å få ta
ein aller så liten gløtt heim. (Det var smått stell med både post-
gang og telegraf i den tia, veit vi.)
"Vil du eg ska skaff deg greia på korleis det står til heime
hos deg?" sport finnen.
"Ja, det vil eg gjerna. Kan du det så e du go," sa mannen
"Men det e ein farli veg å far. Du må lov meg at eg må få
fred. Du må før all teng pass på at ingen får rør meg." Ja,
det lova han. Og så la finnen seg på gruv i koia si.
Det var stilt i bua, og oljelampa brent. Finnen låg i koia
med både kofta og huva på seg. Di anner i bua sat oppe, før
det va kje sengti endå. Di sat no med kver sett arbeid i hen-
den, som di brukt å gjer om kveldan og når det va landlæg.
Di sat just ikkje å hengt henden. Når di va ferdig med å bøt
garnan og elles sjå over bruket, så smia di tretofla og øksskaft
eller anner nøttie teng. Av og tel gløtta di opp i finnen si koi,
og då såg det ut før di som han menka meir og meir ihop.
Teslut såg det skjenbarli ut som det va berre tome kofta som
låg i koia. Ein gluntgap kom og vill klafs åt kofta før å sjå
om det va nokka inni ho. Men høvedsmannen oppdaga det i
siste liten og huta han derifrå. Då ei god stund va gådd, såg
di som va inne at kofta øyvest opp igjen, så di forsto at finnen
va inni ho. Endeli så våkna då finnen og såg seg førvilla
omkreng. Han va bleik og utkjørt, og sveitten sila av panna
på han.
"Ja, no kan eg hels deg heimanifrå," sa han tel høveds-
mannen. "Det står berre godt tel der, og i går fekk du ei fresk
og gjæv lita dotter." Nokker syntes det der va mesta nifst, anner
sat med ein halv flir, - like tel høvedsmannen så såg han
passeli vantruen ut, som rimeli kunn vær.
"Du skal berre vær gla og med godt mot. Det som eg ha
sagt, det e sant. Og vil du ikkje tru det, så kan du no sjå på
denner om du kjenn ho igjen." Så tok han fram ifrå kofte-
barmen ei sølvskei og viste fram.
"Ja, sølvskeia e mi," sa høvedsmannen. "Og takk ska du
ha før bue. Korleis du ha greidd det får bli di sak." Han va
gla og gild heile resten a feske. Og då han kom heim, fekk
han greia på at kona ho ha li på seng just dagen før at finnen
gjor den underlie ferda si. Kona kunn berre ikkje skjønn kor
det va blitt a sølvskeia tel mannen, ho va komen snoft bort.
Mannen flirte og førtelt om den merkelie hendinga, men ikkje
hadd ho og ikkje nokken i bulaget lov tel å snakk om dederre.