Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Han Gamle-Stubb var prest på Veøya den tida Vestnes høyrde med til Veøy prestegjeld. Han skulde ha gått Svarteskulen i Wittenberg, sa dei. Og sidan hadde han lært trollkunster oppi Finnmarken den tida han var Finneprest. – Ei kone frå Rødvenfjorden kom ein gong på Veøya og bar seg for han Stubb at ho ikkje visste få smør meir, og at ho hadde trollkjerringar til grannekoner, og var ille brydd tå dei. Men presten, som hadde vore i Finnmarken, og som nok hadde svarteboka, han måtte vel vite ei råd med å hjelpe 'na. – Jau, i Finnmarken ha 'n vore, men der lærte han berre å ganskyte krøter og forhekse menneske – svara presten, og dermed blei han kvitt kona. So var det på ein kyrkjegard det var so ufredleg, og so henta dei han Stubb. Han tok med seg ein mann nedpå kyrkjegarden, og so spurde han mannen om han vilde sjå kva det var ufreden kom tå. Det vilde mannen, og so tok presten han innunder kappa si, og då såg han at det var ein mann og ei kone som heldt på slost. Men han Stubb visste gjere åt di, han, so det blei stilt på kyrkjegarden sidan.
Informasjonom sagnet og kilden