Tilbake
Sitering
Kort referanse
Han Truls på Boja på Hekkelberg. Norske sagn, ID 52684. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52684
Utvidet referanse
Han Truls på Boja på Hekkelberg. Norske sagn, ID 52684. ML category: ml3045 (Trollkjerringa og tjenestegutten ("Her opp og her ned til Jønsås")). Informant: Ole K. Hjelvik. Collector: Olav Rekdal. Place: Romsdal. County: Møre og Romsdal. Archive signature: NFL 30, s. 49f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52684 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/52684/
Han Truls på Boja på Hekkelberg
NORSK ORIGINAL
Han Truls på Boja på Hekkelberg.
Makkmor hans Truls på Boja var trollkjerring. Pinsaftan laut folket hennar leggje seg tidleg – Det var pinsaftan at trollkjerringane skulde til Hekkelberg og eksere, sa dei. – Og dei som ikkje sovna, piska ho med soplingen.
Han Truls på Boja lest so'n sov, han. Men han låg og lurde på ho, og såg kor ho smurde på soplingen uti ein kopp. Og so reid ho avste på soplingen. – Og når ho var reist då, so tok han au og smurde ein sopling, og so strauk han etter.
Når dei var komne til Hekkelberg, so fekk dei seg sverd då, og so var dei i hop og slost. Og når dei gjorde nokon skade, so hadde dei noko dei skulde sei, so gjor'n Gaml-Erik det godt att.
Han Truls på Boja kom te å hogge øyra tå makkmor sine. Men so sa'n bakvendt mot'n skulde gjere. Og so fekk ikkje'n Gaml-Erik øyra på att.
Om morgonen fekk han ikkje soplingen te å bere seg, han Truls – fordi han ikkje hadde sagt rett. Og so laut'n gå heim igjen. Men han klaga seg for at det var lang veg.