Tilbake

Timberhoggaren.

NORSK ORIGINAL

Timberhoggaren. Ein mann frå Dale i Sauherad låg ein vetter og hogg timber i skogen; men han åtte ikkje almanak. Då det leid utpå med tidi tok han til å undrast når det var jol. Ein kvell han rusla heim til hytta si høyrde han det sa inni fjellet: "No er dagen ei og notti tvei til julo, og mann frå Dale har verken bryggja hell båkå til julo." Mannen la på heimveg det fortaste han vann. Det var dagen fyre jol.
Informasjonom sagnet og kilden