Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 52776. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52776
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 52776. ML category: ml6030 (Varsler om tiden ("Deka, deka Tore")). Collector: Ragnvald Mo. Place: Salten. County: Nordland. Archive signature: NFS Ragnvald Mo 2, s. 94f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=52776 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/52776/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Det var ein mann som heldt seg på mølna i Rusånes og mol julematen. Då det leid til kvelds, var det enno bra korn att i mølnskreppa. Men han hadde tenkt seg til å gjera seg skilt med malinga innan han drog heim, og gav seg til der frametter.
No hadde det gått i sørr med dagane for denne mannen. Han visste det lakka til jul, men just kor mange dagar det var att, det var han like slug med. Dei hadde ikkje alnakka i kvar manns gard den tida.
Som han no sat der i sine eigne tankar, fekk han høyra eit sterkt mål gjenom mølnturen. "Mala, mala stuvainn. Dagainn to og næt'n tre til julan", sa det. Då skyna mannen det var i siste passen han var ute og mol julematen.