Tilbake

Puken

NORSK ORIGINAL

Puken I ei stue på Gjellaråsen sat det nokre vingersokningar og tura og spela kort ein kveld. Dei var høgrøysta, skråla og banka korta i bordet. - Den eine tå karane vart sint og bikka bordet, så søllpengane trilla på golvet. Da lutte dei andre karane seg etter pengane, men vart ikkje så lite redde. Under bordet fekk dei auga på ein stor og svart hund. Han gjorde dei ikkje noko, men dei såg håssen varmen loga tur kjeften og nasebora hans. Da skjøna dei meir enn vel kven denne hunden var.
Informasjonom sagnet og kilden