Tilbake

Tor på veiding

NORSK ORIGINAL

Tor på veiding. Tor Hamre brukte at han låg austpå stølen sin um haustane te langt utover vinteren og veidde. Ein haust det hadde vore sers fint ver, kom han Tor reint tå daga- og veketalet. Han visste ikkje kor langt det leid på vet'n. Det hadde lagt seg fin, blank stålis på Skjetnin. Ein dag stupte han Tor grepa overende på hålisen. Då høyrde han so lydt at det skrasla so godt uppi Buareggen og eit sterkt mål som ropte: "Du Tor Ragabaus! Kjipp sko, Tor! Labbe leisto! Natte ei o dagadn tvo e de te jol! O i ditt hus e de berre tvo merke mjøl!" Då fekk han Tor det annsamt med å koma seg heimatt.
Informasjonom sagnet og kilden