Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Paa Lyselandet var det fullt av orm i gamle dagar, so dei mest ikkje visste kor dei skulde berga seg fyr ormen. So var det ein gong det kom ein framandmann farande til Lyse, og han sa at um dei vilde, so skulde han mana burt ormen so dei aldri skulde verta plaaga av den meir. Ja det var dei daa fælt takksame fyre. Framandmannen spurte um det fanst lind- orm der paa landet. Nei det visste dei ikkje av, sa folket. So gjorde han upp eit baal, og so stod han framfyre det og tok til aa mana. Daa kom den eine ormen rennande etter den andre; dei rann millom føterne hans og beint paa elden. Paa slutten kom det ein uhorveleg stor orm; det var ein lind- orm, og dei kunde høyra blaasingi lengje fyrr dei saag ormen. Daa vart mannen daatt ved og sa: "No laug de fyr meg; der kjem lindormen, og no er det ute med meg." Han laut paa elden lindormen og; men mannen laut fylgja med. So brann dei upp baade ormarne og ormemanaren, og sidan hev det aldri vore orm paa Lyselandet. Dei hev freista aa bera orm fraa andre gardar; men so snart som han kom paa Lyselandet, so laag han daud. Andre fortel at ormemanaren stod paa tvo steinar i skiftet millom Lyselandet og Sagbakken, og at han mana ormarne fraa Lyse til Sagbakken. Korleis det er med dette, so er det visst at paa heile Lyselandet finst det ikkje orm.
Informasjonom sagnet og kilden