Tilbake

Huldra vilde ha honom til mann.

NORSK ORIGINAL

Huldra vilde ha honom til mann. På Stuvland møtte ein gut huldra ein dag han var ute og helt på med eit eller anna. Det skulde vera ei slik vakker huldergjenta, men guten skyna kvafor ei ho var og turde ikkje ha noko med henne å gjera. Ho kom burt til honom og tok til å prate med honom, og det stod ei eiga dragning av henne. Men han heldt seg hard. Då ho skyna han ikkje vilde vera med henne vilde ho vise honom jekta si og den andre midelen sin. Men guten vilde ikkje vera med på det heller. Han ottast ho på ein eller annan måte kunde få honom i si magt. Ho sa då at han fekk gjera som han vilde, men tok han henne so skulde det bli velstansmann av honom. Men gifta han seg ikkje med henne, so sku det bli berre småtjyv og fant av honom. Han tvika eit augneblink, so jaga han henne ifrå seg. Men det gjekk so huldra sa, det vart berre fattigdom og fykop for honom, og dei vil og vita at han av og til stal for å slå seg igjennom.
Informasjonom sagnet og kilden